• Hovudside
  • Om spelet
  • Aktørar
  • Presseomtale
  • Billedarkiv
  • Symfoni Namsen
  • Vegskildring
  • Bilete frå Namsvokko
  • Kontakt
  • Våre sponsorar og støttespelarar


  • Symfoni Namsen


    av Ola Hjulstad

    Symfoni Namsen, som ein tonestreng fra fjell til fjord,
    - eit hjarteband fra aust til vest langs skrinn, men også gavmild jord.
    Vi skal fylgje deg frå fjellets fot i grenselandet,
    der du har di eiga sikre rot, og ned til breie strender langt og lengst der ute.
    Kan hende vil vi kjenne der, når sol går ned i havet,
    -at Namsens kjelder er å ause av, for den som leitar,
    den som vonar og som alltid ventar på ein ny og alltid betre dag. 

    Kom igjen  -ropa vi til dei store viddars orkester.
    Lat oss høyra om fargane, om vatn som kvitrar mellom elvesteinane.
    Lat oss høyre tunge paukeslag frå tusen reinars tramp mot gamal jord.
    Slå til med fløytetonar om ei blome tett ved snøens kant.
    Lat bekkesildret vera drag på cellostrengen,
    som ein huldresong med mjuke lengsler frå ditt grøne fang.
    Kan hende vil ei harpe svare, der opp mot blåe himmelhøgder,
    midt i dette ville landet som du eig litt av, når helst du vandrar om lik fant.
    Kan du høyre hornsignala frå dei stolte toppar der dei smyg seg gjennom sjal av lette skyar.
    Der vengjeslag frå frie fuglar lett bryt veg,
    der jerv og gaupe, og kan hende bjørnen med finn fram,
    men ikkje setter synleg steg.

    Frå ouvertyren, slik vi kjenner det frå mange spel,
    det vert ei fyrste akt om alt skal vera godt og vel. 

    Vær med der Namsen styrtar seg mot store vatn i ein vårblank tidleg sommarkveld.
    Vær med når stille loner overtek, når det i solnedgongen talar mjukt frå landet- helgekledd ved dagens hell.
    Vi vil tvinge fram og hente ved din strengeleik ein song og symfoni, eit dikt som blir til bøn og stig mot høge altertavler meisla ut i stein.

    Så renn du ned i gjennom dalen, du vår vakre Namsen,
    du som kvilar eller trøytnar på dei milelange ferder ned mot Tunnsjødal.
    Du som sidan styrtar deg mot vasskrafthjul, som fløymer vilt når våren jagar deg,
    som øyder land når leiet vert for lite etter eige mal.
    Slik kjenner vi deg Namsen, der du dreg forbi og er puls for gamle grender.
    Du har banka for dei sterke arbeidshender, frå alders tid og fram - i stilla og i strid.
    Frå gamle dager var du med når landet skulle byggjast.
    Vi mal korn i kraft av deg, vi saga bord og bygde våre første små, men heller enkle hus.
    På ryggen bar du med deg tømmerstokken frå dei endelause store skogar.
    Du hadde i deg krefter som bar villmarks eim og var for tidas ungdom det vi no kan kalle bygde-blues. 

    Slik var du Namsen, der du leika deg i glade stunder, slik var du, om ditt krav vart tunge offer for dei få.
    Vi temde deg, og førte krafta di i røyr og fjell, men aldri, aldri vert du tenar for oss lell.

    Symfoni Namsen, du vår sølvstreng som kan klinge godt,
    i lag med døgnets timeslag, ved fest men og til kvardags.
    Du gøymer liv i dine kulpar, du er spegel for det ljos som sommernatta gavmildt syner oss.
    Frå tidlaust av var du ei dronning for all laks, den gong du aldri måtte bøyge unna,
    - den tida du var med i sjøl den høgste og den største foss.
    No er det ikkje same ville klangen ved di ferd, du makter ikkje fylgje notebladet frå ei anna tid,
    og det vi meiner var ei anna verd.
     

    Men, spell opp ditt liv du gamle og trufaste Namsen
    -
    der du renn langs dei skogkledte lier, langs åkrar som gulnar, der slettene gøymer sin rikdom av stier.
    Spell opp til dei unge du møter, ved solvarme strender.
    Slå til med cresendo, i jubel for Namdal som lever.
    Vær vill som du var, ved snøsmelt frå berga dei blå, vær ei helsing frå fedrar som rudde og bygde her nord,
    dei som grov i den jord du vaks og vart rikare på.

    Eit Norge i miniatyr, slik er Namdalen kjent, det er Folla og Vikna og sjøfugl og båer og skjær
    - det er høgfjella, dalane, skogen som syng når du finn deg ei lei og du møter den nær.
    Det er byen ved fjorden, der handel held til, der mennesket møtes ved stemne og til fest
    - eller samlast i kyrkja i tru eller tvil.
    Det er flatbygder farga av junidag, det er sorg det er glede, i alle slags lag.
    Vi blinker ut Røyrvik og Lierne med - som eit fjellfolkets rike, slik gamalt var ved.
    Attved alt som er nedfelt, ved soge og samtid og det som har i seg det namdalske trauste
    - skal det spire og gro - som vi sådde ein gong og i dag skal ei framtid få hauste.

    Vår Namsen er levande vatn av tonar og song,
    det er trivsel ved deg, vi vil møte deg slik,  -som ein solglansens spegel for fattig og rik.
    Du skal smile deg fram, du skal stryke di strand, bli eit symfonisk dikt for det Namdalske land.
    Og slik skal du anda i tryggleik og ro,
    vær helsa frå oss - vi som kjenner deg no.

    Med løyve frå forfattaren.

    Våre hovudsamarbeidspartnarar:

    Namdalsavisa - Sparebankstiftelsen DnB NOR - Grong Kommune
    Nord-Trøndelag Fylkeskommune - NTE - Norsk Kulturråd

     Sidene bruker Smarte sider
    Utvikling: Smart-Media AS
    Design: Snopp Media