• Hovudside
  • Om spelet
  • Aktørar
  • Presseomtale
  • Billedarkiv
  • Symfoni Namsen
  • Vegskildring
  • Bilete frå Namsvokko
  • Kontakt
  • Våre sponsorar og støttespelarar


  • Bakgrunn

    Idèmakar og initiativtakar for Namsens Auge er Kari Engen
    Med seg fekk ho denne prosjektgruppa:

    Grong Teaterlag v/ Per Olav Værum
    Harran Ungdomslag v/ Endre Aalberg, Sven Terje Solum og
    Ingunn Sagmo
    Spellaget Gauken v/ Per Arne Lynum og Kjell Håvard Hegland
    Grong historielag v/Anne Marie Seem

    Grunneigarane Anders O. og Nina Seem ga klårsignal til å byrja utvikling i området, og no er  Seem arena ein røyndom.

    Vi har òg hatt god støtte frå Grong kommune ved ordførar Erik Seem og kulturkonsulent Jorunn Lilleslett.

    Fyrst trudde vi at vi skulle greia å skriva stykket sjølv, og vi møttest jamnleg for å utvikla spelet.  Etter ei tid innsåg vi at det ikkje gjekk. Difor engasjerte vi Torvald Sund som forfattar.  Dette er vi særs nøgde med.

    Gruppa har lagt ned mange timar og hardt arbeid for å realisera Namsens auge. Og mange dugnadstimar er lagt ned for å klårgjera Seem arena.

    Mange samarbeidspartnarar har stilt opp økonomisk, og gjort dette mogeleg. Nærare 3 millionar kroner er stabla på beina for dei to fyrste åra. 

    Historikk

    Namsen har alltid vore viktig for Namdalen, frå det å vere ei ferdselsåre og fraktveg til å gje mat og inntekter til elveeigarar og arbeidsfolk. 

    Fløytinga fekk frakta store verdiar frå øvre delar av dalen ned til utløpet der sagbruka låg. Dette var eit krevjande og farleg arbeid, som gav grunnlag for myter om korleis fløytarane var. Dei siste tømmerstokkane fòr nedover elva i 1970.

    Elva som matressurs i naturalhushaldningstida er kjend, med historier om signeringsnekt av arbeidskontrakter viss det sto at kosten var laks meir enn 5 gonger i veka!

    På midten av 1800 - talet kom dei fyrste engelske sportsfiskarane, og fram til i dag har elva gjeve store verdiar attende ved at norske og utanlandske fiskarar kjem hit år etter år.

    Konfliktar har oppstått og kjem til å oppstå når store interesser er i sving. Namsen har difor engasjert folket i alle år.

    Våre hovudsamarbeidspartnarar:

    Namdalsavisa - Sparebankstiftelsen DnB NOR - Grong Kommune
    Nord-Trøndelag Fylkeskommune - NTE - Norsk Kulturråd

     Sidene bruker Smarte sider
    Utvikling: Smart-Media AS
    Design: Snopp Media